GO Blog | EF Blog Norge
Det siste innen reise, språk og kultur av EF Education First
Menu

Student stories: Jannes studieår i Barcelona

Student stories: Jannes studieår i Barcelona

Janne Oppedal, 19 år, har studert 9 måneder i Barcelona sammen med EF. Les om hennes fantastiske opplevelse og bli inspirert!

Hvorfor valgte du å studere spansk med EF?

I utgangspunktet såg eg for meg å starte rett på studiane, men det var ingen utdanning som var like tiltrekkande som å lære spansk. Eg snubla over EF sine heimesider under den rådville jakta på neste års studiar. Same dagen ringde eg inn til EF og ba dei holde av ein plass til meg. Idag er eg takknemleg for at eg aldri trakk meg! Eg følgde drømmen min og eg angra ikkje eit sekund! I det eg returnera til Norge i mai etter 9 mnd. vil eg vere i stand til å snakke flytande spansk, og kofferten vil vere fullpakka med opplevingar og vennar som eg vil ha resten av livet!

Hvorfor endte du opp i Barcelona og hvordan bodde du?

Når man studerer spansk med EF kan man velje blant ulike destinasjonar. Min kjærleik for Spania gjorde at eg stod igjen med tre alternativ: Madrid, Barcelona og Malaga. Barcelona har sider som stikk seg ut i forhold til dei andre byane: tilgang på strand, samt storbyliv, og det gotiske preget over byen side om side med moderne bygningar. Det var også eit stort pluss for meg at det var berre i Barcelona det vart tilbydd einerom på studentheimen. Grunnen til at eg valde studentheim var den at eg var redd for at det ville bli vanskeleg å få seg venner, og om man bur på studentheimen vil man alltid ha moglegheita til å gå til opphaldsromma om man ynskjer selskap. Tross alt var dette året meint for å skaffe nye venner frå overalt i verden og eg ville sikre meg ein god oppleving.

Fortell om det sosiale?

Allereie frå dag ein var det superenkelt å få seg venner. Forholdet mellom elevane og mellom elevane og lærarane har gått over all forventning! Til no har eg vore her i 8 veker og eg har endå ikkje møtt nokon som reiste hit saman med venner. Alle som kjem hit er tvinga til å starte på nytt med å bygge seg eit sosialt netverk, og min erfaring er at alle har ein positiv innstilling til nytt bekjentskap. Man bør altså ikkje bekymre seg for ikkje å få venner.

Hvordan er undervisningen?

Lærarane på skulen er overraskande hyggelege og jordnære. Dei vil gjerne ha gode relasjonar til elevane og dei er raske med å lære namna til elevane. Dei gir sin ærlege meining om din språklege utvikling, noko som er nødvendig. Dei gir råd om kva som burde gjerast for at ein skal få ei endå betre utvikling. Lekser får vi ikkje mykje av. Det tok mange veker før den første heimeleksa kom, og dei vil ikkje at vi skal bruke fleire timar av fritida vår slik som man ofte gjer når man går på vidaregåande.

Undervisninga er av god kvalitet og mesteparten av tida brukar vi til å snakke. Vi kan bruke timane til å snakke om tema vi likar. For så lenge elevane er engasjerte, vil dei prate og jobbe meir og di betre blir språkkunnskapane. Vi gjer også rollespel, leikar, syng, ser film osv. Med andre ord er skuledagane veldig morosame. Samstundes med all moroa på skulen har eg hatt ei enorm språkleg utvikling desse åtte vekene. Tanken på at eg berre er om lag ein fjerdedel i gong med året mitt og allereie er komen på eit så pass høgt nivå er ikkje til å tru. Eg kjem nok til å snakke som ein spanjol til den tid opphaldet mitt i Barcelona er over.

Hvordan er skolen og aktivitetstilbudet?

Interiøret på skulen er topp moderne og det same gjeld utstyret. Det synes at skulen er bygd nylig! For meg er omgivnadene viktige for trivselen! Det er også tilsett ein person ved skulen som har ansvar for aktivitetane i regi av EF. Kvar måndag er det klart eit nytt program for den kommande veka. Mange av aktivitetane er gratis, mens andre må man betale for.

EF tilbyr ulike aktivitetar som laser tag, salsa, guiding i ulike delar av byen, sykkeltur i byen, surfing, fotball, turar utanbys som til dømes Madrid, Valencia og Costa Brava og mykje meir. Man reiser saman med elevar frå skulen. På denne måten bli man godt kjend med dei andre samtidig som man fyller dagane med kjekke aktivitetar. I tillegg kan man reise så mykje man vil på eigahand! Etter to månadar med stort sett fullpakka program kvar dag kjennes det endå ikkje som at eg er ferdig med å utforske byen. Man treng ikkje å kjede seg i Barcelona!

Kan du fortelle litt om hvordan du ble tatt imot?

Eg huskar mitt første møte med Barcelona. Eg blei plukka opp på flyplassen og køyrd til studentheimen. Eg var den einaste frå Norge som flaug frå Bergen, og eg ankom derfor studentheimen mutters aleine. Eg blei tatt imot og fekk ein kjapp omvising på studentheimen før eg heiv meg rundt og gjorde meg klar for velkomstdrinken. Skravla gjekk i eit frå første kvelden og siden då har vi blitt betre kjend dag for dag. Det at man bur saman gjer det utrulig lett å vere sosial. Vi er saman når vi et frukost, går til og frå skulen, lagar middag, ser filmar, og ellers det man ynskjer. Om man derimot ynskjer privatliv kan man slappe av på rommet. Der finnes det blant anna vask, kjøleskap og skrivepult, og man har tilgang på wifi der og overalt ellers i bygningen.

Hva er dine tips og råd til andre som vurderer å reise på studieår med EF?

Om du vurderer å studere med EF vil eg anbefale deg å gjere det, enkelt og greit! Det kostar ein del, men slik eg ser det er det ein investering i ein oppleving som eg vil sjå tilbake på på mine grå dagar å tenke at det må ha vore ein drøm. For det er sånn det kjennes! Det beste du kan gjere på forhand av reisa er å lese informasjonen du mottar frå EF, og om du har spørsmål bør du aldri nøle med å spørje. I tillegg vil eg anbefale å bli henta på flyplassen.

For meg som ikkje har reist aleine før var det betryggande å vite at eg slapp å finne fram på eigahand i ein by eg aldri før har besøkt. EF planlegg stort sett turen din for deg, og dei er hjelper deg under opphaldet om det trengs. Eg håpar du no veit litt meir om kva eit opphald med EF i utlandet går ut på, og at du også blei inspirert!

Ta et studieår med EF du også!Lær mer
Få det siste innen reise, språk og kultur i vårt GO nyhetsbrevMeld meg på